The best teachers are those who show you where to look, but don't tell you what to see. Alexandra K. Trenfor.

søndag 11. november 2012

Prezi

Etter inspirasjon frå Sølvi sin blogg, ønsket eg å sjå nærare på presentasjonsprogrammet Prezi

Eg heiv meg i det og fann ut at eg skulle teste programmet ved å ta det i bruk i undervisning. Dagen etter skulle eg ha tredje- og fjerdeklassingar i RLE og ønsket å lage ein form for VØL-skjema om emnet ISLAM. Elevane i fjerde klasse hadde akkurat lært om VØL-skjema og det var derfor eg valde dette.

Her er min prezi-presentasjon. Eg skreiv inn etterkvart som elevane kom med innspel, først kva dei visste, deretter kva dei ønsket å vite. Så leste vi saman nokre sidar i læreboka, snakket om dette og gjorde oppgåver. På slutten av timen skreiv eg inn det dei hadde lært. Elevane synes dette var morosamt og eg synes det fungerte bra. 



Eg har leita ei stund etter eit alternativ til PowerPoint, som eg meiner har utspilt sin rolle. Kan kanskje dette vere det eg har leita etter, men først må eg nok prøve det litt meir.


onsdag 7. november 2012

YouTube for schools


I nokre samanhengar har eg kome borti YouTube EDU der eg har funne gode og nyttige tips om mykje. På YouTube sine eigne sider kan ein lese at: 

YouTube EDU fører elever og lærere sammen i et globalt videoklasserom. På YouTube EDU har du tilgang til et bredt utvalg av utdanningsvideoer som varierer fra akademiske forelesninger til inspirerende taler – og alt som finnes imellom. Hit kan du komme for å få kjappe foredrag fra førsteklasses lærere over hele verden, forelesninger fra toppuniversiteter eller inspirerende videoer som setter tankene i sving.

No er det også komen ei YouTube side der skoler kan registrere seg for lettare å få tilgang til alt det gode YouTube EDU har å by på, YouTube for schools


Det er også noko som heite YouTube Teacher som oppmuntrar lærarar til å kome med forslag på gode videoar eller lage sjølv for deretter å publisere på YouTube EDU.