The best teachers are those who show you where to look, but don't tell you what to see. Alexandra K. Trenfor.

mandag 29. april 2013

Side 69 - testen

Leste akkurat no på ein blogg frå NRK "Bokbloggen" om side 69 - testen

Dette er ein test som fortel om ei bok er interessant eller ikkje. Om ein står på ein butikk og lurar på om ein skal kjøpe ei bok eller ikkje, så er det berre å bla opp på side 69, lese det som står og ut frå det kan ein sjå om det er ei bok som er verdt å kjøpe... visstnok...

Skal jammen byrje å gjere dette, eg.
I alle fall som ein liten smakebit på boka...




mandag 11. mars 2013

Mi nye nettside

Her er adressa til mi nye nettside ei-god-bok

Sida er ein del av eit arbeidskrav i norsk 2, og førebels inneheld sida litt om bøker, gode ord og noko meir personlege ting. Sida kjem til å bli oppdatert etterkvart, då vi har arbeidskrav om pedagogisk programvare og rettskriving.


torsdag 31. januar 2013

Kva for ei målsetting har eg?

I dag støtte eg borti eit nytt (lite) språkleg problem. 

Problemet går på ordet målsetting. I nynorsk er ikkje dette eit problem, det heiter målsetting eller målsetjing. Men på bokmål...

Skal eg skrive målsetting eller målsetning

Eg trur aldri eg har tenkt over at det faktisk er eit ord som heiter målsetting. Eg har alltid brukt målsetning, både skriftleg og munnleg. Men eigentleg høyres målsetting meir logisk ut. Ein sett eit mål, det er ei målsetting. 

Kva seier du? Og kva skriv du?