The best teachers are those who show you where to look, but don't tell you what to see. Alexandra K. Trenfor.

fredag 7. desember 2012

Blogging for dei minste?

Då eg først fekk høyre at vi skulle ha vår eige blogg for å lære korleis blogge, for så å kanskje ta det med oss ut i skulekvardagen og lære våre framtidige elevar å blogge, tenkte eg automatisk på mellomtrinnet. Eg tenkte at dette er då noko dei minste ikkje vil ha utbytte av.

No... veit eg ikkje. Eg er litt delt i forhold til dette. Skal dei minste få uttrykje seg via denne kanalen, får dei noko utbytte? Vil dei kjenne på den same publiseringsstoltheten som kanskje en eldre elev vil? Har dei behov for dette? Held det kanskje å berre henge opp det dei har skrive på veggen og "publisere" produkta der? Eller skal ein bruke blogging som et verktøy for dei også?


torsdag 6. desember 2012

Nedlegging av grendeskoler

Det er eit sikkert teikn at det nærmar seg jul når kommunen sitt budsjett for neste år skal bli vedteke. I år som alle andre år foreslår kommuneadministrasjonen å legge ned skoler for å få budsjettet i balanse. I min heimkommune må hente inn 20 millioner på driftsbudsjettet i 2013, og dermed har rådmannen foreslått dei to siste grendeskolene nedlagt. Kommunen vil spare ca 5 millioner i året på å flytte elevane over på større skoler som knapt har plass til dei.

I eit blogginnlegg skriv medstudent Anniken mellom anna om ulemper med storskoler, til døme at det er større sjanse for at dei "svake" elevane forsvinn i mengda. Eg trur dette er eit viktig poeng. Klarar ein å sjå alle elevane på ei storskole så mykje som dei har krav på? Klarar ein å følge opp til døme 24 elevar like godt som 10? Kjem eg som komande lærar til å klare å sjå alle? Eg har ikkje erfaring frå arbeid på ei storskole, men eg har erfaring frå mellomstore skoler og grendeskoler. Mi erfaring er at eg hadde tid til å sjå elevane og eg blei kjend med alle elevane på skolen. Eg trur det er viktig at læraren har tid til elevane og kan namna deira, også elevar i dei andre klassane.

Formannskapet har innstilt til kommunestyret at skolene skal bli nedlagt og nå rustes det til kamp i dei to grendene. Det heile blir avgjort i kommunestyret den 18 desember. Eg heiar på grendeskolene!








Eltoft skole og Opdøl skole. Begge bilder er henta frå Vestvågøy kommune sine sider. Fotograf ikkje namngitt.

tirsdag 4. desember 2012

Pageturner

Då eg satt på nett og leita etter informasjon til min sjølvvalde oppgåve, kom eg borti noko som heiter Pageturner. Dette vekka mi interesse. 

I følge nettsida til Pageturner er dette eit nettbasert treningsprogram for å trene opp lesehastigheita og leseforståinga. Dei hevdar det er ein samanheng mellom leseflyt og forståing og at når ein les fort, er det lettare å få tak i hovudpoenget. Eg veit ikkje heilt kva eg synes om det siste, men ut frå det eg las om programmet kan det verke som det er eit program som kanskje kan øve opp auga slik at dei får betre flyt over sidene. På YouTube kan en sjå kva Pageturner går ut på. 

Eg er litt usikker på slike program, kva meiner du?