Etter inspirasjon frå Sølvi sin blogg, ønsket eg å sjå nærare på presentasjonsprogrammet Prezi.
Eg heiv meg i det og fann ut at eg skulle teste programmet ved å ta det i bruk i undervisning. Dagen etter skulle eg ha tredje- og fjerdeklassingar i RLE og ønsket å lage ein form for VØL-skjema om emnet ISLAM. Elevane i fjerde klasse hadde akkurat lært om VØL-skjema og det var derfor eg valde dette.
Her er min prezi-presentasjon. Eg skreiv inn etterkvart som elevane kom med innspel, først kva dei visste, deretter kva dei ønsket å vite. Så leste vi saman nokre sidar i læreboka, snakket om dette og gjorde oppgåver. På slutten av timen skreiv eg inn det dei hadde lært. Elevane synes dette var morosamt og eg synes det fungerte bra.
Eg har leita ei stund etter eit alternativ til PowerPoint, som eg meiner har utspilt sin rolle. Kan kanskje dette vere det eg har leita etter, men først må eg nok prøve det litt meir.
Det er dette jeg drømmer om - at dere tar i bruk nye IKT-verktøy på så gode måter at det fenger og frister til mer variert undervisning og læring.
SvarSlettPrezi er fokusert og dynamisk med mange multimediale muligheter.
Jeg var innom prezi.com (http://prezi.com/e43kznveompv/islam/)og sjekket ut presentasjonen av VØL-skjemaet ditt, og det ble kjempefint. Det er en annerledes måte å arbeide med læringsstrategier, og kanskje dette kan være med på å gjøre slikt arbeid mer spennende for elevene?
SvarSlettHups! Klarte å overse linken din ;)
SvarSlett