The best teachers are those who show you where to look, but don't tell you what to see. Alexandra K. Trenfor.

lørdag 29. september 2012

Atferd eller adferd?


Midt inni ei setning går det brått i svart...

Eg tar meg sjølv i å skrive eit ord, ser på det og kjenner det nesten ikkje igjen, det er noko merkeleg ved det. Etter år med skriving er mange ord automatisert, eg treng ikkje lese dei, eg berre veit kva som står. Men av og til, som no, blir eg ståande fast. 

Eg tyr til google. Heldigvis er det nesten alltid ein tråd der nokon har lurt på det same som meg. Eg synes det er ganske så greitt å bruke google til dette, ein undersøker og sjekkar om ein er på rett spor. Denne gongen lurte eg altså på ordet åtferd. (På nynorsk er det ganske greitt, då skal det skrivast sånn: ÅTFERD).

Men på bokmål, skal det skrivast med -t (atferd) eller med -d (adferd)? 

Etter litt "googling" fann eg at nokon meinte at atferd var den moderne måten å skrive dette på både på bokmål og nynorsk, samstundes var andre heilt klare på at det var åtferd på nynorsk og på bokmål var formane sidestilte. Eg fann ut at det var best å dobbelsjekke med ei ordliste, og fann at det er to måtar å skrive dette på, anten atferd eller adferd. Dei er altså sidestilt.

Så er det store spørsmålet, kva vil eg bruke i tekstar på bokmål? For uansett kva eg vel, må eg være konsekvent. Atferd eller adferd? 


Hmm... Nokon synspunkt på dette?

torsdag 20. september 2012

Wordfeud... No også på nynorsk!


På denne tida i fjor, kom det ei ordbølgje over landet vårt. Inspirert av brettspillet scrabble, blei wordfeud snart ein favoritt blant store og små. Spelet blir spela på mobilar og nettbrett, og går ut på å lage ord som gir deg flest mogleg poeng. Ein kan spele mot venar og kjende, eller mot tilfeldige ukjende. Også dei som vanlegvis ikkje liker ordspel, blei biten av denne basillen.

I familien min brukte vi heile jula på å spele mot kvarandre, men dei fleste kom over den verste abstinensen på nyåret eingong, og fann seg noko nytt.

For dei som fortsatt synes det er morosamt med dette spelet, sjå her. Ein kan i løpet av hausten laste ned Wordfeud på nynorsk: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8289723

Dette er gode nyheiter for dei av oss som må øve på nynorske ord, og jamt lurar på om einskilde ord er lov og ikkje lov på nynorsk. Kanskje kan dette også vere med å motivere elevar til å lære og bruke meir nynorsk? 

mandag 10. september 2012

Mi ferd til nynorskland

I helga var eg i nynorskland. 

Nærare bestemt i Møre og Romsdal for å vere med i ein barndåp. Tidlig søndag møtte eg opp i den lokale kyrkja og vart vitne til ein gudsteneste på nynorsk. Det var faktisk nesten poetisk. Salmane blei sunge på nynorsk, tekstane blei lest på nynorsk, folk kring meg snakka ein dialekt som er så nær ein kan kome til nynorsk. 

Eg må seie eg synest nynorsk er vakkert, men det er klart eg kjenner meg mest trygg på bokmål, då dette er mitt hovudmål. Men bokmål er ikkje like poetisk. Det høyres meir romantisk ut med kjærleik enn “kjærlighet”. Heilag høyres meir heilag ut enn “hellig”. 

Kva er mest poetisk, nynorsk eller bokmål?