The best teachers are those who show you where to look, but don't tell you what to see. Alexandra K. Trenfor.

mandag 10. september 2012

Mi ferd til nynorskland

I helga var eg i nynorskland. 

Nærare bestemt i Møre og Romsdal for å vere med i ein barndåp. Tidlig søndag møtte eg opp i den lokale kyrkja og vart vitne til ein gudsteneste på nynorsk. Det var faktisk nesten poetisk. Salmane blei sunge på nynorsk, tekstane blei lest på nynorsk, folk kring meg snakka ein dialekt som er så nær ein kan kome til nynorsk. 

Eg må seie eg synest nynorsk er vakkert, men det er klart eg kjenner meg mest trygg på bokmål, då dette er mitt hovudmål. Men bokmål er ikkje like poetisk. Det høyres meir romantisk ut med kjærleik enn “kjærlighet”. Heilag høyres meir heilag ut enn “hellig”. 

Kva er mest poetisk, nynorsk eller bokmål?

7 kommentarer:

  1. Eg er heilt enig med deg, Heidi - nynorsk er heilt klart mykje meir poetisk enn bokmål. Er berre synd vi ikkje bruker det så ofte.

    - Guro

    SvarSlett
  2. Eg er enig med dykk. Dessutan synest eg nynorsk er meir norsk enn bokmål. Trass i alt er nynorsk bygd på norske dialektar, medan bokmål er bygd på dansk.

    SvarSlett
  3. Eg er einig med dykk. Nynorsk er eit meir levande språk.Dessutan liknar det meir på det språket vi snakkar.

    SvarSlett
  4. Ei fin fortelling om læring i livet, som gjør noe med oss. Gode opplevelser, og tilsvarende dårlige erfaringer, kan være avgjørende for hvordan vi forholder oss til noe eller noen. Kanskje er dette lærerens viktigste utfordring - skape opplevelser og mestring? Det er ikke umulig å gi elevene oppgaver som alle vil/kan lykkes med så godt at karakterskalaen blir meningsløs.

    SvarSlett
  5. Nynorsk er mest poetisk, helt klart! Det er veldig synd at elever ofte ser på nynorsk som "et språk vi blir tvunget til å lære å skrive", uten og egentlig se hvor vakkert det er!

    SvarSlett
  6. Eg er heilt klart enig med deg Heidi, og dykk andre. Eg trur også at nynorsk heller enn å øydelegga for bokmål heller støtte opp om det. Likevel har eg som mange andre eit litt slitent forhold til nynorsk, og eg trur det heng saman med at det bestandig har blitt presentert som noko vi MÅ lære.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, og at det følgjer eit negativt omdømme med det å lære seg nynorsk. Dette blir ført vidare av dei eldre elevane, foreldre og kan hende nokre av lærarane også. Det er klart at om ein høyrer at nynorsk er keisamt, så blir det keisamt...

      Slett