The best teachers are those who show you where to look, but don't tell you what to see. Alexandra K. Trenfor.

torsdag 6. desember 2012

Nedlegging av grendeskoler

Det er eit sikkert teikn at det nærmar seg jul når kommunen sitt budsjett for neste år skal bli vedteke. I år som alle andre år foreslår kommuneadministrasjonen å legge ned skoler for å få budsjettet i balanse. I min heimkommune må hente inn 20 millioner på driftsbudsjettet i 2013, og dermed har rådmannen foreslått dei to siste grendeskolene nedlagt. Kommunen vil spare ca 5 millioner i året på å flytte elevane over på større skoler som knapt har plass til dei.

I eit blogginnlegg skriv medstudent Anniken mellom anna om ulemper med storskoler, til døme at det er større sjanse for at dei "svake" elevane forsvinn i mengda. Eg trur dette er eit viktig poeng. Klarar ein å sjå alle elevane på ei storskole så mykje som dei har krav på? Klarar ein å følge opp til døme 24 elevar like godt som 10? Kjem eg som komande lærar til å klare å sjå alle? Eg har ikkje erfaring frå arbeid på ei storskole, men eg har erfaring frå mellomstore skoler og grendeskoler. Mi erfaring er at eg hadde tid til å sjå elevane og eg blei kjend med alle elevane på skolen. Eg trur det er viktig at læraren har tid til elevane og kan namna deira, også elevar i dei andre klassane.

Formannskapet har innstilt til kommunestyret at skolene skal bli nedlagt og nå rustes det til kamp i dei to grendene. Det heile blir avgjort i kommunestyret den 18 desember. Eg heiar på grendeskolene!








Eltoft skole og Opdøl skole. Begge bilder er henta frå Vestvågøy kommune sine sider. Fotograf ikkje namngitt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar