Då eg først fekk høyre at vi skulle ha vår eige blogg for å lære korleis blogge, for så å kanskje ta det med oss ut i skulekvardagen og lære våre framtidige elevar å blogge, tenkte eg automatisk på mellomtrinnet. Eg tenkte at dette er då noko dei minste ikkje vil ha utbytte av.
No... veit eg ikkje. Eg er litt delt i forhold til dette. Skal dei minste få uttrykje seg via denne kanalen, får dei noko utbytte? Vil dei kjenne på den same publiseringsstoltheten som kanskje en eldre elev vil? Har dei behov for dette? Held det kanskje å berre henge opp det dei har skrive på veggen og "publisere" produkta der? Eller skal ein bruke blogging som et verktøy for dei også?
The best teachers are those who show you where to look, but don't tell you what to see. Alexandra K. Trenfor.
fredag 7. desember 2012
torsdag 6. desember 2012
Nedlegging av grendeskoler
Det er eit sikkert teikn at det nærmar seg jul når kommunen sitt budsjett for neste år skal bli vedteke. I år som alle andre år foreslår kommuneadministrasjonen å legge ned skoler for å få budsjettet i balanse. I min heimkommune må hente inn 20 millioner på driftsbudsjettet i 2013, og dermed har rådmannen foreslått dei to siste grendeskolene nedlagt. Kommunen vil spare ca 5 millioner i året på å flytte elevane over på større skoler som knapt har plass til dei.
I eit blogginnlegg skriv medstudent Anniken mellom anna om ulemper med storskoler, til døme at det er større sjanse for at dei "svake" elevane forsvinn i mengda. Eg trur dette er eit viktig poeng. Klarar ein å sjå alle elevane på ei storskole så mykje som dei har krav på? Klarar ein å følge opp til døme 24 elevar like godt som 10? Kjem eg som komande lærar til å klare å sjå alle? Eg har ikkje erfaring frå arbeid på ei storskole, men eg har erfaring frå mellomstore skoler og grendeskoler. Mi erfaring er at eg hadde tid til å sjå elevane og eg blei kjend med alle elevane på skolen. Eg trur det er viktig at læraren har tid til elevane og kan namna deira, også elevar i dei andre klassane.
Formannskapet har innstilt til kommunestyret at skolene skal bli nedlagt og nå rustes det til kamp i dei to grendene. Det heile blir avgjort i kommunestyret den 18 desember. Eg heiar på grendeskolene!
Eltoft skole og Opdøl skole. Begge bilder er henta frå Vestvågøy kommune sine sider. Fotograf ikkje namngitt.

tirsdag 4. desember 2012
Pageturner
Då eg satt på nett og leita etter informasjon til min sjølvvalde oppgåve, kom eg borti noko som heiter Pageturner. Dette vekka mi interesse.
I følge nettsida til Pageturner er dette eit nettbasert treningsprogram for å trene opp lesehastigheita og leseforståinga. Dei hevdar det er ein samanheng mellom leseflyt og forståing og at når ein les fort, er det lettare å få tak i hovudpoenget. Eg veit ikkje heilt kva eg synes om det siste, men ut frå det eg las om programmet kan det verke som det er eit program som kanskje kan øve opp auga slik at dei får betre flyt over sidene. På YouTube kan en sjå kva Pageturner går ut på.
Eg er litt usikker på slike program, kva meiner du?
Eg er litt usikker på slike program, kva meiner du?
søndag 11. november 2012
Prezi
Etter inspirasjon frå Sølvi sin blogg, ønsket eg å sjå nærare på presentasjonsprogrammet Prezi.
Eg heiv meg i det og fann ut at eg skulle teste programmet ved å ta det i bruk i undervisning. Dagen etter skulle eg ha tredje- og fjerdeklassingar i RLE og ønsket å lage ein form for VØL-skjema om emnet ISLAM. Elevane i fjerde klasse hadde akkurat lært om VØL-skjema og det var derfor eg valde dette.
Her er min prezi-presentasjon. Eg skreiv inn etterkvart som elevane kom med innspel, først kva dei visste, deretter kva dei ønsket å vite. Så leste vi saman nokre sidar i læreboka, snakket om dette og gjorde oppgåver. På slutten av timen skreiv eg inn det dei hadde lært. Elevane synes dette var morosamt og eg synes det fungerte bra.
Eg har leita ei stund etter eit alternativ til PowerPoint, som eg meiner har utspilt sin rolle. Kan kanskje dette vere det eg har leita etter, men først må eg nok prøve det litt meir.

onsdag 7. november 2012
YouTube for schools
I nokre samanhengar har eg kome borti YouTube EDU der eg har funne gode og nyttige tips om mykje. På YouTube sine eigne sider kan ein lese at:
YouTube EDU fører elever og lærere sammen i et globalt videoklasserom. På YouTube EDU har du tilgang til et bredt utvalg av utdanningsvideoer som varierer fra akademiske forelesninger til inspirerende taler – og alt som finnes imellom. Hit kan du komme for å få kjappe foredrag fra førsteklasses lærere over hele verden, forelesninger fra toppuniversiteter eller inspirerende videoer som setter tankene i sving.
No er det også komen ei YouTube side der skoler kan registrere seg for lettare å få tilgang til alt det gode YouTube EDU har å by på, YouTube for schools.
Det er også noko som heite YouTube Teacher som oppmuntrar lærarar til å kome med forslag på gode videoar eller lage sjølv for deretter å publisere på YouTube EDU.
tirsdag 2. oktober 2012
Scribus
Frå brukerveiledninga på Scribus 1.3.3.14 til Kristin Hultman, kan ein lese:
Hva er Scribus?
Scribus er et såkalt ”desktop publishing” program. Det vil si at det er et publiseringsprogram.
Det er ideelt til å lage plakater, annonser, menyer og andre personlige dokumenter. Man kan
velge ulike format for å lage disse dokumentene i, noe som gjør at det egner seg til det aller
meste. Dette er et gratis program som man kan laste ned via internett, og som du finner på
flere språk. Du kan finne programmet her: http://scribus.net/canvas/Scribus
Som ein liten test av det som ventar når vi skal begynne å lage plakatar, så har eg leika meg litt med programmet Scribus og laga ein liten collage.
Eit morosamt verktøy som ein kan bruke i skulesamanheng, både til å lage plakater, men også til andre kreative prosjekt.
lørdag 29. september 2012
Atferd eller adferd?
Eg
tar meg sjølv i å skrive eit ord, ser på det og kjenner det nesten ikkje igjen,
det er noko merkeleg ved det. Etter år med skriving er mange ord automatisert,
eg treng ikkje lese dei, eg berre veit kva som står. Men av og til, som
no, blir eg ståande fast.
Eg
tyr til google. Heldigvis er det nesten alltid ein tråd der nokon har lurt på
det same som meg. Eg synes det er ganske så greitt å bruke google til
dette, ein undersøker og sjekkar om ein er på rett spor. Denne gongen
lurte eg altså på ordet åtferd. (På nynorsk er det ganske greitt, då skal det
skrivast sånn: ÅTFERD).
Men
på bokmål, skal det skrivast med -t (atferd) eller med -d (adferd)?
Etter
litt "googling" fann eg at nokon meinte at atferd var
den moderne måten å skrive dette på både på bokmål og nynorsk, samstundes var andre
heilt klare på at det var åtferd på nynorsk og på bokmål var formane
sidestilte. Eg fann ut at det var best å dobbelsjekke med ei ordliste, og fann
at det er to måtar å skrive dette på, anten atferd eller adferd. Dei er altså
sidestilt.
Så
er det store spørsmålet, kva vil eg bruke i tekstar på bokmål? For uansett kva
eg vel, må eg være konsekvent. Atferd eller adferd?
Hmm...
Nokon synspunkt på dette?
torsdag 20. september 2012
Wordfeud... No også på nynorsk!
På denne tida i fjor, kom det ei
ordbølgje over landet vårt. Inspirert av brettspillet scrabble, blei wordfeud
snart ein favoritt blant store og små. Spelet blir spela på mobilar og
nettbrett, og går ut på å lage ord som gir deg flest mogleg poeng. Ein kan
spele mot venar og kjende, eller mot tilfeldige ukjende. Også dei som vanlegvis
ikkje liker ordspel, blei biten av denne basillen.
I familien min brukte vi heile jula på å
spele mot kvarandre, men dei fleste kom over den verste abstinensen på nyåret
eingong, og fann seg noko nytt.
For dei som fortsatt synes det er
morosamt med dette spelet, sjå her. Ein kan i løpet av hausten laste ned Wordfeud
på nynorsk: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/more_og_romsdal/1.8289723
Dette er gode nyheiter for dei av oss som
må øve på nynorske ord, og jamt lurar på om einskilde ord er lov og ikkje lov
på nynorsk. Kanskje kan dette også vere med å motivere elevar til å lære og bruke meir nynorsk?
mandag 10. september 2012
Mi ferd til nynorskland
I helga var eg i nynorskland.
Nærare bestemt i Møre og Romsdal for å vere med i ein barndåp. Tidlig søndag møtte eg opp i den lokale kyrkja og vart vitne til ein gudsteneste på nynorsk. Det var faktisk nesten poetisk. Salmane blei sunge på nynorsk, tekstane blei lest på nynorsk, folk kring meg snakka ein dialekt som er så nær ein kan kome til nynorsk.

Eg må seie eg synest nynorsk er vakkert, men det er klart eg kjenner meg mest trygg på bokmål, då dette er mitt hovudmål. Men bokmål er ikkje like poetisk. Det høyres meir romantisk ut med kjærleik enn “kjærlighet”. Heilag høyres meir heilag ut enn “hellig”.
Kva er mest poetisk, nynorsk eller bokmål?
torsdag 30. august 2012
Blogg?
Som en del av norsk 2 skal vi lage vår egen blogg.
Blogg?
Hvor kommer da dette ordet fra?
Etter et raskt google-søk ser jeg at blogg kommer fra ordene "web" og "log", og er blitt til blog på engelsk og blogg på norsk.
Det er interessant å høre hvordan ordet sniker seg inn som en naturlig del av vårt dagligtale. Det er vanlig å høre om folk som er bloggere, som blogger daglig og som oppdaterer bloggen sin. Man høres om blogger som blir kategorisert etter innhold som rosa-blogger, fotballfrue-blogger, mat-blogger, mamma/pappa-blogger, interiør-blogger osv.
Nå skal jeg som kommende lærer lage min egen blogg der jeg skal skrive om min studiehverdag, altså en studieblogg. Målet i faget norsk 2 er blant annet å få bevissthet rundt det å bruke blogg som publiseringsverktøy. Vi får se hvordan dette går...

Abonner på:
Innlegg (Atom)